Meny
Meny

Seljar innebutikk – Montér Førde

Montér Førde / Farsund Bygg Optimera AS Søknadsfrist: 31.05.2026

Seljar innebutikk – Montér Førde

Vil du jobbe i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kundekontakt og struktur er like viktig som tempo og sal? Hos

Montér Førde får du god opplæring, trygge rammer og kollegaer som støttar kvarandre i kvardagen. No søkjer vi ein ny seljar til innebutikken.

Montér Førde er ein del av Optimera AS – Noregs leiande byggevarekjede. Vi leverer fagkunnskap, gode løysingar og personleg service til både proffkundar og privatkundar. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team med høg trivsel og stoltheit for faget.

 

Vi ser etter deg som

Du har auge for orden og detaljar, og likar å skape ein ryddig og innbydande butikk.

Erfaring frå sal eller butikk er ein fordel, men ikkje eit krav – vi sørgjer for grundig opplæring slik at du blir trygg i rolla.

 

Dine hovudoppgåver

Sal og kunderettleiing i innebutikk

  • Ansvar for vareområde som maling, verktøy, festemiddel og arbeidsklede
  • Vareplassering, varepåfylling og sortimentsvedlikehald
  • Kassearbeid og ordrehandtering
  • Planlegging og gjennomføring av kampanjar
  • Bidra til eit trygt, ryddig og effektivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Ei variert rolle i eit solid og framtidsretta konsern

  • Grundig opplæring gjennom Optimera Akademiet
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
  • Forutsigbar turnus og trygge rammer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Personalkjøpsordningar og aksjeprogram
  • Moglegheit for vidare utvikling i konsernet

 

Slik er det å jobbe hos oss

Vil du sjå meir frå kvardagen vår og den nye satsinga i Førde?

 

OPP – våre kjerneverdiar:

Vi er Offensive – vi ser framover og finn løysingar.

Vi er Profesjonelle – vi held det vi lovar.

Vi er Personlege – vi forstår menneska og byggjer relasjonar.

 

Høyrest dette ut som noko for deg?

Då håpar vi å høyre frå deg.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk via Semac som ein del av vår rekrutteringsprosess for å sikre ei trygg og profesjonell tilsetjing.



Om Optimera

Optimera er Norges ledende aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 160 utsalgssteder, 2000 ansatte og over 15 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Montér, Montasjeutstyr, Optimera Proff, Optimera Woodfab, Optimera Logistikk, Optimera Handel, RenCon og Igland Garasjen. Optimera er en del av Saint-Gobain Distribution Norway som er eid av det internasjonale konsernet Saint-Gobain.

Les mer på www.optimera.no.
Kontakt:
Ørjan Andre Nautnes, Driftsleder
+47 469 12 740
orjan.andre.nautnes@monter.no