Meny
Meny

Lyst til å leie eit team som skaper inspirerande kjøkken, bad og garderobar?

Montér Førde / Farsund Bygg Optimera AS Søknadsfrist: 24.07.2026

Vi i Montér Førde ser etter deg som har sans for både menneske og interiør – og som blir motivert av å sjå resultat. No har du sjansen til å leie vår avdeling for kjøkken, bad og garderobe (KBG), der vi hjelper både privatkundar og proffkundar med å skape funksjonelle og inspirerande løysingar til heim og prosjekt.

I denne rolla kombinerer du salgsfagleg forståing med personalleiing, og du blir ein sentral del av samarbeidet med vår danske kvalitetsleverandør AUBO – kjend for moderne kjøkken med gjennomført design og høg kvalitet.

Kven ser vi etter?

Du har erfaring frå sal – gjerne innan kjøkken, interiør eller byggevare – og veit korleis ein byggjer relasjonar og følgjer opp kundereisa. Du trivst med å leie, ta ansvar og vere med på å utvikle både menneske og avdeling. Har du hatt roller som butikksjef, prosjektleiar, montør eller teknisk rådgjevar, kan du ha med deg verdifull erfaring.

Du treng ikkje kunne alt frå før – det viktigaste er at du har forretningsforståing og lyst til å bidra.

Vi trur du kjenner deg att i dette:

  • Du er komfortabel med både kundeansvar og personalansvar
    • Du trivst med å ta initiativ og skape resultat saman med andre
    • Du likar struktur og har auge for både detaljar og framdrift
    • Du jobbar effektivt med digitale verktøy og system

Dette blir kvardagen din hos oss

Som avdelingsleiar KBG får du ansvar for å leie og utvikle kjøkkenavdelinga i tråd med måla til butikken. Du sørgjer for høg kvalitet i kundeopplevinga – frå behovsanalyse og teikning til ferdig levert løysing.

Du jobbar tett med både proff- og privatkundar, rettleier i val av løysingar, og held oversikt over alt frå kampanjar og vareflyt til bemanningsplanar og intern opplæring. Du samarbeider òg tett med butikkleiar og andre avdelingsleiarar.

Dine sentrale arbeidsoppgåver:

  • Leie og utvikle KBG-avdelinga
    • Sørgje for god kundereise og kvalitet i heile prosessen
    • Rådgjeving, teikning og presentasjon av løysingar
    • Ansvar for struktur, orden og vareflyt
    • Planlegging av kampanjar og vareeksponering
    • Personalansvar: opplæring, bemanning og utvikling

Vi ser etter deg som har:

  • Erfaring frå kjøkken, interiør, byggevare eller liknande bransje
    • Gjerne erfaring med teikneprogram som Winner
    • God sans for struktur og systematisk arbeid
    • Evne til å motivere og leie andre
    • Serviceinnstilling og ei løysingsorientert tilnærming

Vi tilbyr deg:

  • Ei spennande leiarrolle i ei solid verksemd
    • Moglegheita til å jobbe med kvalitetskjøkken frå AUBO
    • Ei stilling med gode utviklings- og påverknadsmoglegheiter
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Gunstige personalrabattar
    • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og trivsel

Oppstart: Januar 2027

Klar for å bli ein del av laget?

Har du spørsmål, eller vil vite meir før du søkjer?
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat – vi ser fram til å høyre frå deg!

 



Om Optimera

Optimera er Norges ledende aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 160 utsalgssteder, 2000 ansatte og over 15 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Montér, Montasjeutstyr, Optimera Proff, Optimera Woodfab, Optimera Logistikk, Optimera Handel, RenCon og Igland Garasjen. Optimera er en del av Saint-Gobain Distribution Norway som er eid av det internasjonale konsernet Saint-Gobain.

Les mer på www.optimera.no.
Kontakt:
Ørjan Andre Nautnes, Driftsleder
+47 469 12 740
orjan.andre.nautnes@monter.no