Engasjert selgar til Montér Førde – ansvar for kampanjar, SoMe og kundeaktivitetar i eit aktivt byggevarehus!

Vil du jobbe i et travelt og triveleg byggevarehus der ingen dag er lik? Har du sans for salg, liker å ha mange ballar i lufta, og trigges av ansvar? Då kan dette vere jobben for deg!
Montér Førde er ein del av Optimera AS, Norges leiande byggevarekjede. Hos oss finn du eit engasjert team som leverer byggevarer og fagkunnskap til både proffar og privatkundar. Vi gjer alt vi kan for å gi kundane våre meir – og betre – kvar dag.
Nå søker vi ein selgar til innebutikken vår, som også får ansvar for kampanjar, sosiale media og kundeaktivitetar. Du blir ein nøkkelperson i teamet vårt – både i butikken og ut mot kundane, også digitalt!
Dine hovudoppgåver vil vere:
• Sal og kundebehandling i innebutikk, med ansvar for maling, verktøy, festemiddel og arbeidsklede
• Planlegge og gjennomføre kampanjar i tråd med Montér/Optimeras konsept
• Drive og oppdatere Montér Førde sine kanalar på sosiale media (SoMe)
• Initiere og koordinere kundeaktivitetar i og utanfor varehuset
• Bidra til å skape eit positivt, sikkert og effektivt arbeidsmiljø
• Vareplassering, sortimentsvedlikehald, varepåfylling og kassearbeid
Vi ser etter deg som:
• Har erfaring frå sal eller byggevarebransjen (gjerne begge delar!)
• Har eit kreativt og kommersielt hovud – og likar å jobbe med kampanjar og marknadsføring
• Er trygg på digitale verktøy og har kjennskap til sosiale media
• Har evne til å sjå kundane, stille dei rette spørsmåla og finne gode løysingar
• Er sjølvstendig, fleksibel og trivst i eit hektisk og resultatorientert miljø
• Har kremmarånd og eit oppriktig ønske om å bidra til å lukkast som team
Vi tilbyr deg:
• Ei variert og spennande rolle i eit solid og framtidsretta konsern
• Moglegheit til å påverke kundereisa – både i butikk og digitalt
• Gode opplærings- og utviklingsmoglegheiter gjennom Optimera Akademiet
• Hyggelege og engasjerte kollegaer i eit inkluderande miljø
• Gunstige personalordningar, pensjons- og forsikringsavtalar
• Tilgang til aksjeprogram i Saint-Gobain-konsernet
Du blir ein del av eit team på 6 seljarar i innebutikk, og vi jobbar etter ein turnus som dekker opningstidene våre: måndag–fredag 07–17 og laurdag 09–15.
OPP – våre kjerneverdiar:
Vi er Offensive – vi ser framover og finn løysingar.
Vi er Profesjonelle – vi held det vi lovar.
Vi er Personlege – vi forstår menneska og byggjer relasjonar.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send inn din CV og ei kortfatta søknad i dag – vi behandlar søknadar fortløpande. Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Om Optimera
Optimera er Norges ledende aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 160 utsalgssteder, 2000 ansatte og over 15 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Montér, Montasjeutstyr, Optimera Proff, Optimera Woodfab, Optimera Logistikk, Optimera Handel, RenCon og Igland Garasjen. Optimera er en del av Saint-Gobain Distribution Norway som er eid av det internasjonale konsernet Saint-Gobain.
Les mer på www.optimera.no.